Meir frå 17.mai på Huglo

Festmiddagen var pølse og potetstappe. Sjølvsagt !

Det var sjølvsagt 17.mai-fest i bedehuset på nasjonaldagen. Pauseunderhaldninga mellom pølser og  gode blautkaker var i år dikt. Grupper på 6-7 personar fekk denne oppgåva: Lag eit dikt med enderim, 2 vers med 4 linjer. Diktet må innehalda desse orda:

varme – hage – fjorden – mygg

Gruppa skal framføra verket

 

Fjorden ligg så still og blank og fin. No kan du ta på deg hatten din.  Gå ein tur i skog og mark og li.  Snart så er det sommar, endelig!

 

 

Her kan du lesa dikta som vart laga:

 

Melodi: «No livnar det i lundar»

No ventar me på varme

Så hagen blomstrar opp

Men eg vert heit av harme

Når myggen syg på kropp

 

No fjorden ligg så stille

Ved Huglos fine strand

Det er dei milde kveldar

Når våren er i stand.

 

 

 

Melodi : «No livnar det i lundar»

Min hage ligg ved fjorden

Der er det masse mygg

For det er nær ved Stord’en

No klør det på min rygg

 

Eg sender varme tankar

Til naboen i vest

Og hjarta mitt, det bankar

Eg treng ein kjærleiks-test!

 

Melodi: «Min hatt den har tre kanter»

Min bunad er så varme

Så varm og blaut og stram

Men eg har mygg i hagen

Stram bunad har’kje han

 

Me køyrer ferje i fjorden

Bunaden, mygg og meg

Eg prøver dra i frå han

Men ferjo er så treg

 

 

 

 

Melodi: «Jeg er havren»

Endeleg er våren komen her

Varme dagar, tynne lette kler

Uti hagen blømer det så flott

Ingen myggstikk har eg enno fått

 

Fjorden ligg så still og blank og fin

No kan du ta på deg hatten din

Gå ein tur i skog og mark og li

Snart så er det sommar, endelig!

 

Melodi: «Blåmann, Blåmann»

Her me sit ved dette bord

Ser med lengsel ut over fjord

Hagen blomstrar rundt omkring

Fjorden ligg så blank og fin

 

Seint på kveld går sola ner

Myggen bit både her og der

Me må inn og søkja ly

Eller setja oss og sy

 

Melodi: «Jeg er havren»

Her ved fjorden

Bur me trygt og godt

Her er rikeleg med mygg og flått

Her veks tre av mange sjeldne slag

Rikeleg med sol kvar enda dag

 

I vår hage veks det blomar opp

Ja, vi har det rett og slett heilt topp

Finn du deg ein lun og varme krok

Kan du kosa deg med ei god bok.