Det gjorde eit godt val, dei av huglarane som møtte opp på skulen sundag for å høyra på Fitjar skulekorps. Korpset hadde hatt seminar på skulen under dirigenten sin, Sven Roger Koppang, frå fredag kveld og avslutta med konsert for foreldre og vener, og huglarar.
Inspirerande dirigent Sven Roger Koppang
Tilstades var ca. 35 musikantar frå 8 til 19 år, og fleire av dei “faste” var burtreist på skule og var ikkje med til Huglo. Korpset har tydelegvis god rekruttering, og det er sikkert inspirerande for nye musikantar at nokon av foreldra har gått i skulekorps og er støttande og interesserte. Dirigenten presiserte at i korpset rådde fellesskap og innsatsvilje, noko som viste godt igjen på musikken deira. Dette skulekorpset hadde óg med instrument som ikkje er vanleg i skulekorps, som xylofon, paukar og eit mykje større slagverk enn dei kan marsjera med.
Kva skjer når ein har seminar på Huglo? Det ser i alle fall moro ut!
Det vart ein variert, flott konsert! Den starta med at ei jentegruppe framførde eigen song om å ha seminar på Huglo. Dei einskilde instrument-gruppene fekk spela eigne nummer, og felles spela korpset variert musikk, som t.d. musikk frå Flåklypa og ein Maria Mena-låt.
Tubagruppamed stor variasjon i alder (8-17 år) og størrelse
Me på Huglo seier tusen takk og hjarteleg velkomen att!