Eldretreffet 8.mai markerte Frigjeringsdagen i samlinga si hos Turid i Konradløo.
I del 4 av Bygdabøkene har mange huglarar skreve minner frå dei 5 lange åra. Sigrun las frå Torbjørn Gram (1924 – 1999) si fortelling Småhistoriar om korleis eg opplevde krigen, og fleire fortalte om dei minna dei hadde frå mai-dagane i 1945.
Arne Sortland hugsa godt 8.mai, og Sigrun, som berre var 6 år, hugsa kor dei vaksne venta på at krigen skulle slutta. Folk kom til Erling Røssbø og høyrde radio 7.mai – då forsvann alle frå florstellet. Det var møte i Strassbourg natten 7. – 8.mai. Erling skulle gå ned på Røssbø og veifta med eit kvitt flagg dersom tyskarane gav seg. Folk på Huglo var godt orienterte, alle visste om ulovlege radioar. I 1995 , 8.mai, gjekk folk i tog – i fredsmarsj, frå brannstasjonen. Dag Willgohs held apell og folk song “Ja, vi elsker”.