No har Huglabutikken fått kortautomat på drivstoffpumpene! Både bensin og farga diesel kan ein no tanka døgeret rundt. Dette skulle vera ein sers god nyheit for alle dei båtane som har kome til Nordhuglo etter at butikken var stengt på laurdagar. Var dei i naud for drivstoff, kunne dei ringa å få folk frå butikken til å koma nord, men dei fleiste har “snudd i døra” og fått seg drivstoff ein annan stad. No er det berre å ta turen til Huglo med bankkortet i lomma!
Arne fekk kortautomat på butikken på midten av 1990-talet – det måtte gå 23 år før automaten kom på drivstoffpumpene – men no er den her!