Nå er det adventstid

Julegate 2017 nr 2
Julegate 2017 nr 2

Fredag opna Verdas kortaste Julegate med sine 8 meter og tre girlandarar utafor Huglabutikken.  Kortaste, men kanskje mellom dei viktigaste?  Det er nok ikkje mange samfunn som kan skilta med så høg frammøteprosent av innbyggarane, nesten alt som kan krypa og gå av huglarar var møtt fram fredag kl. 16.30.  Og ikkje berre dei, men mange med emosjonell tilknyting til Huglo tok ferja over Langenuen og var med og song julasonger.  11 habile musikantar spela utan vottar, den gamle vedfyrte gløggkjelen blei fyrt og varmte alle, og ikkje regna det heller!

Nyinnkjøpt julatrelys og nye girlandarar gledde alle, og sjølve treet var uvanleg fint.  Mange gledde seg óg over at julegata ikkje opna før i desember – julemånaden.  Takk til alle som tok del i arbeidet og frammøtet, og god adventstid til alle.

Nye julatrelys
Nye julatrelys
Dag fyrte gløggryta 2017
Dag fyrte gløggryta 2017
Eline med pepparkaker
Eline med pepparkaker