Fyrstkomande laurdag vert det over heile landet sett søkjelys på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salssted for daglegvarer. “Handle lokalt – velg Nærbutikken” vert arrangert saman med det statlege Merkurprogrammet for distriktbutikkar.
På Huglo vert det frå klokka 12 feiring av at me har butikk med kake og kaffe. Dei fleste av oss som bur på Huglo hugsar med gru på året 2003 da me ikkje hadde butikk, så me har all grunn til å feira, ogtil å halda fram med å handla lokalt.