Etter at ferje-pusen hadde venta i 3 veker på den opprinnelege eigaren, som ikkje melde seg, såg det ut for at avliving var einaste utveg. Den fine pusen måtte ikkje få ein skjebne som avvist, svolten og frysande villkatt! I siste liten smelta dei vaksne i ein huglafamilie, og ungane kom sers glade til naustet på Nordhuglo og henta pusen. Den heiter no Mons og er smart nok til å skjøna at han har fått ein god skjebne og at det er her han skal bu. Han får mat og varme og masse kos av Matilde og Torbjørn, han kjem springande når dei ropar han inn. Førebels er Mons ein leiken kattunge, litt for leiken tykjer dei vaksne når han spring opp på bord og benkar, men han har god plass utandørs til slik leik. Han vert nok ein dugande musefangar!
Hunden Frida frå beredskapheimen på Nordhuglo fekk koma på besøk i går, og gjensynsgleda var stor! Sjå berre på biletet der Frida sleiker pusen på snuta.
Så denne kattehistoria enda som ei solskinshistorie.