Strikkedilla?

Velkomen! seier skiltet

IMG_4303

 

IMG_4302Har du strikkedilla?  Veit du at Huglo har sin eigen garnbutikk?  På Fredheim Gard har Turid ein velassortert garnbutikk med Dropsgarn, knappar, oppskrifter, litt lærsaker –  og gode råd på kjøpet.  Og dette er meir enn ein vanlig garnbutikk, her kan du sitja i opningstida og strikka, drikke kaffe med noko attåt og treffa likesinna du kan snakka strikk med!  Dropsgarn er solt i meir enn 20 land, og når oppskriftene ligg gratis på nett, kan du få trykt dei ut bl.a. på engels og tysk.  Internasjonalt strikkemiljø, med andre ord.  På Huglabutikken er det ein liten filial, open i heile opningstida til butikken.  Førebels, fram til sumarferien, er butikken på Fredheim berre open kvar laurdag, kl. 12 til 15.  Men i desse tre timane kjem du inn i ein snopebutikk dersom du har strikkedilla!

 

IMG_4301