Frå gamalt av vart det sagt at når det var berre sju snøflekker igjen på Kattnakken, starta badesesongen. Men bada dei så mykje i sjøen for eit par generasjonar sidan? Ekkoloddet seier at sjøtemperaturen er 6,8 gradar – då er vel bading i fjorden helst for dei særskild interesserte. Men om nokon vil prøva seg, send eit varsel til redaktør for huglasido, så dokumenterer me hendinga. Eller kanskje vert med fleire som tar ein lynrask dukkert? 4 symjetak ut og inn igjen må det vel til for å kallast bading.
Del dette innlegget