Nå har slamsugebilen vore her og gjort jobben sin, så no er tankane tome.
Det står igjen reingjering av dei store tankane oppi bakken, før dei fjernast – kanskje i slutten av november. Første post no er at Albert set opp sperringar i vegen utafor Naustloftet, og så skal han grava opp den gamle tanken som ligg der.. Planen er at ny tank kjem på mandag, og det tek si tid å få den på plass. Det vert henimot julegran-tenning før me kan kjøpa drivstoff på Huglo.