Her er dei karana som har ansvaret for at arbeidet med moloen startar i komande veke. Til no har det vore mykje som skulle diskuterast og forandrast av avtalar og kontraktar og samarbeide med underentreprenørar, men altså: No startar grunnarbeidene! Det er meininga at den store arbeidsbåten óg skal vera husvere for dei 8 som i starten jobbar, men etter kvart kan det verta fleire som då må bu i land. Vegen er førebels utsatt, no er det sjølve moloen som vert sett i gong.
Stikkord: molosmåbåthavn
Del dette innlegget