I morgon er det korpsbasar – som det er kvart år. Med musikk, utloddning og åresalg, fine gevinstar, gode kaker og "alle" er der. Kva var Huglo utan musikkorpset?
Og på tirsdag er Eline (kven elles?) leiar for dametrim. Her er det berre å gjera det du greier, dette er for damer i alle aldre og med alle fasonger, gøy å røra seg etter fengjande musikk, og hyggeleg å treffast utan andre plikter enn å smila og sjå blid ut. Og kanskje ikkje det ein gong dersom ein strevar med kondisen.