På fredag vart bussen som har stått på parkeringsplassen ved bedehuset sidan Fabrikken 2012 endeleg henta av eigarane.
Bussen har skapt mykje irritasjon blant huglarar som vil nytte parkeringsplassen, og som synes bussen ikkje har vore eit særleg vakkert syn.
Det skal seiast at bussen vart observert med motorstans i ei busslomme ved Agdestein på Stord seinare same dagen.