I år som i fjor og åra før var det basar i bedehuset, palmelaurdag. Så mange tok turen i det flotte påskevèret at det vart sett opp ekstra bord. Med mange flotte gevinstar og mykje god mat (sjølvsagt) vart det ein flott ettermiddag i bedehuset. “Nyepresten” Eirik Aadland Tappel kom på besøk.
Foto: Angunn og Hilde Eikeland
Takk for rask omtale. Takk og til alle frammøtte for rekordresultat. Det var minst 110 store og små på basaren og det kom inn over 35 000 kroner til Bedehuset!. Takk skal de ha. Takk og for god mat og kaffi og for flotte gevinstar.