Det er ikkje berre me som kosar oss med finveret. Ei negativ side med varmen er at hoggormen likar å liggje framme og sola seg. Det manar til sko over anklane dersom ein skal tur på varme stiar. Og nyskjerrige hundar må passa snuten sin! Merkeleg nok tålar kattar huggormbitt mykje betre enn hundar – desse bør ved bitt haldast mest mogleg i ro og snarast mogleg berast til ein veterinær. Me menneske reagerer forskjelleg på hoggormbitt, sjå det an om lege må kkontaktast.
Del dette innlegget