På Tveit er dei fyrste lamma komne – førebels berre hos utegangarane. Men dei er ikkje mindre søte for det. Rørande er det å sjå korleis sauemor har omsut for ungen sin, og gjev lammet beskjed om ikkje å gå for nære framande folk med fotoapparat. Denne søtnosen er å sjå hos Mads M på Tveit. Og gå ikkje innafor gjerdet, væren kan jaga deg ganske utan førevarning!