Nordhuglo Båtbyggeri og Båtane dei bygde.
Boka om Nordhuglo Båtbyggeri er no ferdig og til sals. Soga til båtbyggeriet er omtala gjennom skiftande tider frå 1945 til 1982. Ialt 25 båtar i tre vart bygde der i storleik frå 25 til over 60 fot. Siste tida gjekk det i plastbåtar der fiskesjarken “Fishing Joy” var hovudproduktet. Også kalla “Huglasjarken”.
Dei største treskøytene, slike som “Teistholm”, “Gaupholm”, “Maagøy”, “Holmefjord”, “Liaskjæren”, Lyngsvo” og “Lado” har fått særs brei omtale både under byggjetida på “Verven” og er fylgde i aktivitet på “fjordane blå”.
Boka er førebels å få kjøpt hjå Huglabutikken A/S på Nordhuglo (Støtt Huglabutikken !!) og hjå bokskrivaren : tinging på e-post: erarsa@online.no eller pr. telefon 53769788 / 41856251.
Ja ditta va mykje godt lesestoff. Passa fint for meg å ha dette no når eg alikavel innteke den “liggjande” stillingen. Fin bok og godt skrive.