OM NORDHUGLO BÅTBYGGERI
Alle som har budd der, eller er oppvaksne på Huglo mellom 1945 og byrjinga på 1980 åra, veit at på Nordhuglo, straks innanføre ferjekaien, heldt Nordhuglo Båtbyggeri til.
I dag har som kjend Leif Nordtveit denne staden som base for skjeloppdrett.
Men før dette har det til tider vore stor aktivitet med nybyggjing, ombyggjing og reparasjonar av trebåtar i mange storleikar opp til over 60 fot store skøyter. Og dei siste 10-12 åra av drifta fram til 1981-82 vart det produsert mange, for det meste fiskesjarkar på 27 fot i plast.
I dag er jo dette historie frå vår nære fortid, men det lever ikkje mange att, om nokon, korkje arbeidsfolk eller andre som kan fortelja om «Verven», korleis det var, iallehøve ikkje frå dei første 10-15 åra.
Underskrivne har slekt frå Huglo. Mor mi, Borghild, var av Reinertsfolkjet på Nordhuglo. Verftseigarane frå starten av, Reinert og Bjarne Nordtveit var onklane mine. Og det er etter mange år med slektsgransking at underskrivne har kome fram til at det er lite nedskrive om båtbyggjeriet og båtane dei bygde der. Difor har eg sett meg føre å skriva ned ei meir «komplett» soga om «Verven», om det let seg gjera.
Men til dette treng eg hjelp frå bygdafolk, etterkomarar av arbeidsfolket der, eller andre «forbipasserande». Det kan vera skriftleg materiell, avisutklipp, muntlege episodar og ikkje minst bilete. Då gjeld det alle kategoriar bilete: Gode, «dårlege», nærbilete eller «langt vekke» bilete frå verftsområdet, flyfoto over Nordhuglo, folk med tilknytning til Verven (arbeidsfolk, gjester), båtar på slipp, oppspanta eller ved kai.
No har eg vore i kontakt med nokre få personar på Huglo som har hjelpt meg med noko av dette, noko eg er svært takksam for, men kan hende, i private albumar, skoøskjer, skuffer og skap ligg det ting og biletemotiv som kan høva i samband med «Soga om Verven»?
Skulle nokon ha eller vita om video eller filmklipp frå aktiviteten på båtbyggjeriet i desse 40 «båtbyggje-åra» om lag, hadde det vore flott. Eg har nemleg ein tanke om at dersom det finnest litt filmmateriale og eindel bilete å velgja i, er det mogeleg å laga ein liten DVD film om Nordhuglo Båtbyggeri. Men ei skriftleg utgåve skal ein i alle høve prøva å få til.
Underskrivne kan kontaktast på fylgjande vis:
Dersom noko av dette let seg gjera, kan det sendast på e-post til: erarsa@online.no Bilder helst som jpg fil. Eller som vanleg post.
Adressa mi er: Ernst Arne Sælevik
Øvre Hauge, Tlf. 53769788.
5584 Bjoa. Mob. 41856251
På førehand tusen takk!
Venleg helsing
Ernst Arne Sælevik