Tur til Gapahuken på Tveit

18 turglade personar vart med då Bygdekvinnelaget arrangerte tur til gapahuken på Tveit sundag.

Arne Sortland orienterte på turen, og han hadde mange interessante historiar å fortelja. På toppen venta det nykokt kaffi og ei storslått utsikt sjølv om skylaget var tjukt.

“Det er ikkje ofte ein får sjå fykande ørnar ovanfrå”, vart det sagt frå ein av turgåarane, då fleire ørnar viste seg denne sundagsettermiddagen.

Gapahuken ligg på toppen av Hundastegshaugen om lag midt mellom Tveit og Litle Brandvik. Turen frå snuplassen på Tveit tek rundt 15 minutt.

180 graders panoramabilete må til for å få med heile utsikta. Frå nordaust til sørvest.