Ny dirigent i Huglo Skulekorps

Korpset spelar på 17.mai 2010

Etter tre fantastiske år med mykje bra musisering i lag med dirigent Svein Roger Koppang,  har Huglo Skulekorps denne hausten vore så heldige å sikra seg Thea Lund Hinderaker  til ny dirigent. Thea har mange års erfaring med korps, då ho har spelt i Langeland Skulekorps og Sagvåg Musikklag. I år går ho på lærarhøgskulen på Stord.            

Korpset har no 13 medlemmer. Det er 7 ungdommar  og 6 vaksne musikantar.  Thea skal og ta seg av aspirantane, som i år er heile tre ivrige trubadurer, så dette lover godt.

På programmet i haust har korpset den årvisse basaren søndag 21.november, og den tradisjonelle julakonserten i lag med Stordkoret søndag 12.desember.