Torsdag 7.d.m. var det folkemøte i Fjellheim, der 28 huglarar fekk høyre Ald Einar Notland orientera og i tillegg fekk gleda av å lytta til Cecilie Rønhovde. Ho song både ein eigenlaga song og Per Sivle, og spela piano – og skrøyt av Huglo! Einar Bunes Valland frå livOGlyst var tilstades på møtet.
Alf Einar fortalde at livOglystprosjektet hadde fått Smil-midlar til å rydda sti og merka gravrøysa på Homandehaugen, og litt pengar til start av det som skal verta Solbakkeparken – ein fin stopp på turen på Huglo, der ein kan sitja og eta nista si og sjå på utsikten.
Kommunedelplanen er satt opp til politisk handsaming 15. november. Den opnar for mykje hyttebygging og noko boligbygging. Arbeidet med det fyrste Pop-Opp huset er starta på byggelinja på Stord Vidaregåande skule. Alf einar fekk idéen til huset då det vart klårt at det kunne vera trong for eit mindre hus til ein billeg penge. Huset er byggmeldt og godkjent. Det byggast på skulen i 3 modular med ferdig golv og himling. Taket byggast på stedet. Pris på grunnmur, nykkelferdig, vert ca. 800.000,- kroner.
Breiband: Arbeidet startar igjen i denne veka og det er planen at Sørhuglo skal ha breiband før jul.
Når det gjeld småsamfunnsmidlar som skulle nyttast til å få nederlendere til å busette seg på Huglo, er søknaden om pengar ikkje innvilga. Kanskje kan Huglo verta med i Fjellberg og Espevær kommunar sitt arbeide for å få islendingar til å flytta til oss, via midlar frå livOGlyst Hordaland sentralt.
livOGlyst Hordaland har ein kurspott livOGlyst Huglo kan søkja midlar frå, til konkrete kurs. Alf Einar ba om idéar til kurs. Det er fint om me huglarar melder interessa vår – og for kva slags kurs. Her er forslaga som kom fram:
* Båtbyggjarkurs (færing)
* Internett for seniorar
* Båtførarkurs – helgekurs på Smedholmen
* Trdisjonsmat
* Sløydkurs for damer
Skriv interessa di ved å klikka på “Skriv ein kommentar” på slutten av dette innlegget!
Lillian hadde laga nydeleg pai og kringle. Inga samankomst på Huglo utan mat og kaffe og drøs!