Ny ferje!

Siste nytt om ny ferje er, seier ferjemannskapet, at Folgefonna kjem 20. oktober. Så det får me tru på. Vil du ta farvel med Hordaland, har du enno eit par dagar å gjera det på. Skal tru om den nye er ei forbetring? Ikkje for at me treng det, Hordaland har gått i sol og storm og alltid fått med seg alle som ville heim frå Jektevik.
Den nye som kjem, er altså MF Folgefonn. Ho tek 76 bilar (MF Hordaland 64) – og ikkje minst viktig i desse trafikklystider (eg har sjølv måtta vente i 7 minutter!) – treng ein å ringa ei bøn om venting i eit par minutt, er mobilnummeret 916 81 132.