I eit strålande haustvær var det mellom 130 og 140 som deltok på feiringa av skulen sitt 100-års jubileum.
Heile åtte tidlegare lærarar reiste over til Huglo og var med på festen. Me fekk òg høyre mange fine helsingar frå dei tidlegare lærarane som ikkje hadde anledning til å komme.
Dagen starta med flotte utstillingar i klasseromma og på sløyden av tidlegare skulemateriell, bilete og elevproduserte gjenstandar. I det ustabile været som var dagane før, vart det montert opp partytelt. Der vart det mykje mimring, og lått og løye over kaffi og kaker frå kafeen. Andre nytta “friminuttet” til å jeppe pinne, spele brentball og gå på stylter.
Det vart tatt gruppebilete av elevane som går og har gått på Huglo skule, og av alle som var med på festen.
Inne i gymsalen var det dekka med kvit duk og pynta med fine blomar. Festen vart opna ved at Janne Eikeland spelte ein fanfare på kornett, og noverande rektor Laila Føyen ønskte alle velkommen. Tidlegare rektor Reinert Agdestein hadde eit innlegg om skulen i gamledagar før betasuppa vart servert.
Etter deilig jubileumskake var det tombola med mykje gevinstar og store vinnarsjansar.
Det var spent stemning blandt elevane før dei gjekk på scenen for å framføre eventyret “Sjuande far i huset”. Elevane hausta stor applaus.
Nils Abrahamsen spelte piano og det det var allsang til kjente og kjære skulesangar. Det vart lest opp “gullkodn” frå elevavisa Huglanytt, til mykje humring frå salen.
Til siste nummer frå scenen fekk publikum beskjed om å vente med “applaus og trampeklapp” til etter ellevte akt var over. Dette gjorde sitt til at forventningane var store då ungdommane entra scenen, noko dei innfridde. Mange kjente seg igjen i parodiar og tilbakeblikk frå si tid på skulen.
Takk til alle som var med på å gjere dette til ein flott dag!
Foto: Asbjørn Sortland, Hege Elin A. Haukanes.
Tekst: Kristoffer F. Sortland, Janne Eikeland og Hege Elin A. Haukanes.