Ny hobby?

Huglo Bygdekvinnelag hadde i går kurs i fotografering med pinhole-teknikk.  Lærer Kathrine var tålmodig, og deltakarane entusiastiske.  Me oppdaga fort at jo fleire erfaringar, jo meir spanande vart bileta.  Utruleg kva ein kan få til med ein tom fiskebollboks med eit bitte-bitte lite hol i, ein bit fotopapir og ei lystett hette.  Og så må ein ha tilgang på mørkerom, og skålar med framkallar, stopp- og fikseringsvæske, inne på eit lystett rom, med berre raut fotolys som arbeidslys.  Så skal dette verta ein ny aktivitet,  hadde det vore best om fleire slå seg saman om det tekniske.  Kva med Huglo Pinhole Fotoklub?

                                                  

                                                  Entusiastiske fotografar