Huglamesse laurdag 27. oktober

Om ei vekes tid er det klart for den 10. Huglamessa i rekka!

Laurdag 27.oktober stiller atter ein gong ulike utstillarar ut dei handlaga produkta sine. Her vil ein finne keramikk, skinnprodukt, tova tøflar, trearbeide, saumarbeide, mat og mykje anna flott!

Messa er i gymsalen på skulen og er open frå kl. 12.00 – 15.00. Det vert sjølvsagt kafè med gode kaker og anna.

Velkomen til messe – håpar mange tek turen innom!

Mvh
Huglo Bygdekvinnelag