Mandag 14. februar var det årsmøte i Huglo Bygdalag. Vel 35 huglarar møtte opp for å få med seg siste nytt om sakene bygdalaget har jobba med i løpet av 2010.
Sigurd Huglen har vore leiar i bygdalaget i fire år, og måtte difor gå av.
“Sigurd har vore ein kjempeflink leiar. Han har vore svært engasjert i arbeidet, og gjort mykje bra for øya.” Sa Else F. Sortland då ho overakte ein blomsterbukett til Sigurd som takk for hans gode innsats.
Øystein Huglen vart valgt inn som ny leiar på årsmøtet, og me ynskjer han lykke til!
Her er årsmeldinga for Huglo Bygdalag for 2010:
Saker som har vore arbeid med:
– Kommunedelplan for Huglo: Ferdig 16.12.10
– Vikasanden: Har fått avtale med friluftrådet Vest. Årleg overført 6000 kr. til drift. Har gjort vedtak om at eit lag /organisasjon for eit år om gongen til drift av Vikasanden mot godtgjerslse. For plenklipping får ein ungdom dette som tilbod som sommarjobb. Har også fått ordna med vegrett frå FV56 – Vikasanden.
– SKL – breiband: Er under arbeid. Er komen til skulen. Vil bli ført vidare sørover med det første.
– Reiseruter for buss og ferje: Har hatt utspel til fylket og reiseselskapa. Får ikkje gjennomslag for forslaga.
– Vassleidning til skulen: Har skrive brev til Stord kommune om saka. Ser at vassleidning vert ført opp til skulen, særleg med tanke på brannsikring.
– Oppkjøp av grunn til bustad (Skarvene II, og utleigebustad på gnr 3/1): Stord kommune har hatt nokre få utspel i saka. Frå vår side er det vist til vedtak av 2009, der det går klart fram at Stord kommune skal kjøpa opp omtala grunn. Ordføraren har nyleg gitt tilbakemelding om at desse områda vil bli tatt opp med Stord kommunale eigedom K/F i mars.
– Nytt innventar til kulturdelen i skulen: Har prøvd å få midlar av kommunen utan å lykkast. Bør fylgja saka vidare.
– Hugladagen: Ser ut til å bli 24.07.2011. Det er sett ned ei gruppe som skal arbeide med saka, MEN det trengs mange frivillige hender for å få dagen til.
Utanom dette så informerte Leif om molo, Alf Einar om livOGlyst, og Njål om fastlandssambandet.
Då møtet nerma seg slutten, benytta Nils Elde anledninga til å skryte av huglasamfunnet og på måten han var blitt inkludert som hytteeigar. Elde som eigentleg skulle ha vore på eit anna møte denne kvelden, oppfordra òg huglarane til å innsjå at hytteeigarane er ein stor resurs for Huglo, og han sa at det er kjekt å få vere med på møter og dugnadar på øya.