“NyPuls” heiter firmaet som Lene Notland Harnes frå Huglo og Gunhild Rotvik frå Os har starta.
No vil dei tilby kurs i The Lightning Process på Huglo. Dette er ein treningsteknikk som blei utvikla for å hjelpe menneske med angst og depresjonar. I Norge er den mest kjend for å ha hatt oppsiktsvekkande effekt på ME/ utmattelse. Teknikken vart utvikla av engelskmannen Phil Parker, og det var av eventyrlyst at Gunhild og Lene reiste til London for å utdanne seg til instruktørar.
“LP er ein treningsteknikk”, fortel Lene. “Hensikten med treninga er å oppdage innlærte, unyttige mønstre, og lære å endre desse til sunne, nyttige mønstre”. The Lightning Process legg vekt på samanhengen mellom kropp og sinn, og korleis desse gjensidig påverkar kvarandre. Gunhild fortel vidare om at dette kan utnyttast til å påverke eiga helse.
Lene og Gunhild vart kjend med treningsteknikken då dei hadde ei venninne som var alvorleg sjuk med ME. “Ein god dag for henne var når ho orka å trille ein liten tur i rullestol. Kort tid etter kurset fekk eg melding om at ho hadde vore ute og sprunge”, fortel Lene. “Me såg desse store endringane med eigne auge, og dei inspirerte oss veldig”.
NyPuls held til i Oslo, der dei har helde LP-kurs i snart to år. No ynskjer dei å tilby kurs i heimlege trakter, og allereie 11.- 13. mars set dei i gang på Fredheim gard på Sørhuglo.
“Dette er ein spennande jobb”, fortel Gunhild. “Det å få lov til å lære vekk eit verktøy som kan gje folk positive og varige endringar er svært meiningsfullt.”
Meir informasjon om kurset på Huglo finn du på nettsida deira