Nye huglarar lærer norsk

Men dette er meir moro

Her snakker me norsk med få ord
Her snakker me norsk med få ord

Olaf noterer gloser
Men dette er meir moro
Men dette er meir moro

“Undervisning” er kanskje å ta munnen for full, men føremålet er i alle høve å læra nok norsk til at dei nye huglarane kan prata med dei “gamle” huglarane om kvardagslege ting, i fyrste omgangen. Eit par gonger i veka går Eline på besøk og planen er at dei berre skal snakka norsk. Førebels går det litt på engelsk før dei vert einige om kva samtalen handlar om, men iveren er stor på begge sider av bordet, så dette går framover. Olaf må skynda seg å læra “det er min tur” og “eg hadde han fyrst”, for han skal i barnehage på Vikjo så snart det vert ein ledig plass. Som biletet viser, noterte han ivrig i starten, men fann fort ut at han hadde meir morosame ting å gjera på. Og det er ikkje bortkasta å kunne navnet på yndlingsleikene! Foreldra, særleg far, hadde prøvd å læra seg litt norsk ved sjølvstudium før dei flytta frå Skottland, no er det godt å ha nokon å snakka med. Dei fortel at dei har funne akkurat det dei ynskte seg: Langt vekk frå storbyen, lite samfunn med nærleik mellom folk som bryr seg om kvarandre, og nærleik til naturen. Det ligg litt fram i tida å læra at norske barn er utandørs i all slags ver, men Olaf skal i naturbarnehage!