Laurdag blei folketalet på Huglo dobla for nokon timar, da Øystein og Nicola og Eirik sine fjøs vart vist fram til alle interesserte. Svein Aage Christiansen sitt firma, som har stått for bygginga, var tilstade, og også Felleskjøpet, som har stått for innreiinga. I tillegg var fylkesmannen i Hordaland, og Innovasjon Norge representert, Landbruksrådgiving, Storfeprosjektet i Hordaland og leverandøren av brannvarslinganlegget, Tine og Felleskjøpet, og Gilde, som sto for grillmat. Bønder frå nær og fjern, og mange huglarar, nytta høvet til å sjå kva disse føregangsfolka hadde fått til.
Dagen starta hos Øystein, med gratulasjonar og omvising. Tine sin representant uttalte at dei beste produkta i distriktet kommer frå Huglo. Og både Øystein og senare Nicola og Eirik vart roste for å våga og satsa. Målet for Storfeprosjektet i Hordaland er å oppretthalda mjølke- og storfekjøtproduksjonen i Hordaland, og her er jo sers viktige bidrag.
Erik orienterte om byggeprosjektet og om produksjonen så langt. Allereie nå er det klart at mjølkeproduksjonen går godt opp med denne formen for drift. Kyrne hos Erik og Nicola har tilgang til å mjølka seg (nytt uttrykk i moderne robotstyrt fjøs), og som ammende mødre veit, aukar dette mjølkeproduksjonen. For ein amatør verkar det som her er stor vekt på dyrevelferd. I fjøset er det eigen velværeavdeling for kyrne, der dei som treng litt ekstra tilsyn, får det. Her er klømaskin og spesialimporterte madrassar til dyra (frå England), og godt med lys og luft og reingjering. Hos Øystein kan kyrne gå ut og ete grovfor, gras, stort sett når det sjølv ynskjer det, hos Nicola og Erik gjer plasseringa av den store bygningen at dette krever noko meir planlegging.
Ein fin og innhaldsrik dag, både for dyr og menneske!