På laurdag vert det korpskonsert på plassen foran Huglabutikken – og det er meldt godt ver, litt nordaust vind, men då er det livd på det veste torget vårt. Festen startar kl. 12, og det vert grilling og lynlotteri. Huglo skulekorts seier velkommen til alle!
Og på sundag kan du mosjonera vekk den gode grillmaten frå i går. Då arrangerer Huglo Bygdekvinnelag tur til gapahuken. Du tar med med mat og kopp og stiller på snuplassen på Tveit klokka 14.30. Arne Sortland fortel undervegs, og ved gapahuken vert det gruekokt kaffe. Og held yr kva yr lovar, vert det óg denne dagen fint turver!