Moro å prøva noko nytt! Sola skein og frammøtet var godt, både av seljarar og skuelystne. Den heilt store omsetnaden vart det kanskje ikkje, men nokon sikra seg verkelege godbitar.Ein triveleg dag vart det for alle, både fastbuande, og båt- og hyttefolk og turfolk som kom med ferja. Og salet av vaflar og kaffe med inntekt til Vyborg-prosjektet nådde nye høgder. Dei gjorde det alle fall godt – og godt er det! 4 store veffelrører gjekk det med medan folk såg på bruktvareutvalet, drøste med gamle kjenningar og lot seg freista til å kjøpa noko dei eigentleg ikkje trong. Det er alltid kjekt å koma saman ein fin vårdag. Me let bileta tala for seg.
Så feil kan ein ta: Vaffelsalget denne laurdagen var slett ikkje til inntekt for Vyborg-prosjektet, som vanleg er når Vigliv steiker vafler. Det var Huglabutikken som selte vaflar! Så får me heller eta kaker til beste for Vyborg ein annan gang.