Så var vi i gang!

Presis 1.oktober kl 08.00 gikk fyrste teina i vatnet.  Kor mange dei ivrigste har, varierar, men spanningen er der uansett. 2.oktober berre måtte alle teinane trekkast, sjølv om ryktet seier at det er betre at dei står over ein dag, så hummaren vert vandt med dei og trur dei er ufarlege. Og slik ser han ut:  

Detaljar

Stege på plass igjen

I dag monterte Håkon ny rednings- og badestege ytterst på flytebrygga til gjestehamna.  Tilogmed med redningsbøye!  La oss håpa at stegen berre trengs til badetrapp – og at det framleis er nok igjen av sumaren til at den vert brukt. Badetemperaturen i Huglavikje er framleis 18 grader, sjølv om det berre var 7 grader i…

Detaljar

Sundagskonsert med Fitjar skulekorps

Det er synd at korpsmedlemmane ikkje fekk høyre alle dei positive kommentarane ute i skulegården etter konserten! Etter ei seminarhelg i skulebygget på Huglo, avslutta eit litt forsterka Fitjar skulekorps med gratiskonsert for huglarane.  Ei skikkeleg vitaminsprøyte det med fekk høyre av dei flinke og glade musikantene under leiing av dirigenten, Svein Roger Koppang. På…

Detaljar

Varden opp

Bratt fall i “kondis” blant huglarar og hyttefolk?  I fjor var det 14 som sprang Varden opp så søla skvatt, i år var det 9, og vinnartida gjekk ned med ca 5 minutter.  Men sett frå godstolen er det likevel utrulig at folk vil seg sjølv så vondt som å springa oppoverbakke, det må liggja…

Detaljar

Allsong som varma

Riktignok opphald, men iskald nordavind la ikkje nokon dempar på stemninga då dei Rustne menn frå Uskedal vitja kaien med song og musikk.  Dei veit å treffa sitt publikum med songar alle kjennar og kan syngja med i – særleg når dei har med songhefte som støtte til alle oss som berre kan fyrste verset…

Detaljar

Varden opp

No kan du starte treninga!  Huglo Idrettslag arrangerer Varden opp laurdag 30.juli Dei håpar på mange deltakarar til dette motbakkeløpet, som startar foran Huglabutikken og til målet på toppen av Varden, som óg er toppen på Huglo, ca 216 høgdemeter. Mer informasjon kjem.

Detaljar

Allsang på kaien

Laurdag den 9. kl.13 kjem “Rustne Menn”  frå Uskedalen til kaien ved Huglabutikken.  Fin tradisjon,  me får håpa at været gjev lyst til å synga! Ta med Songheftet – om du har – og gjerne eigen stol, sitjeplassane er begrensa. Det vert salg av kaffi og noko å bita i. Hjarteleg velkomen, seier Huglabutikken.

Detaljar

Vellykka Hugladag

Utruleg nok vart det berre ei (kraftig) regnskyll, og da rømte folk inn i dei flotte telta komiteen hadde sørga for, til kaker og kaffe.  Elles gjekk alt etter planen, og frammøtet synte at det var stor interesse for arrangementet.  Fin konsert med musikk som forsamlinga kjende og likte.  Mest latter vekte nok flåte-konkurransen:  Først…

Detaljar