Katrine fortel at det var Julia H som skjærtorsdag drog i gang ein dugnad for å rydda på Leiro. Mykje plast og bos hadde samla seg på stranda gjennom vinteren, så det var nok å ta av, berra sjå biletet!
Det var godt oppmøte, og folk nytta høvet til å vera sosiale – med god avstand. I tillegg til å fylla opp dei grøne posane med strandbos, var det mange som steikte pølser på bål og kosa seg i sola.
Andre påskeaktivitetar ein kan gjera aleine, eller saman, men med god avstand :
Leggja puslespel
eller ta eit påskebad i fjorden (6 gradar 9.4.)