Dette fine pepperkakehuset er laga heime hos Mette og Helge. Som alle erfarne pepperkakehusbyggare veit, ligg meisterstykket i å setja delane saman utan å brenne fingrane. Dette huset er satt saman med karamellisert sukker, ein sikker metode for brente fingre. Rykta går om at melis rørt ut med eggekvite òg limar bra utan biverkander. Har nokon røynsle med dette?
huglo.no ynskjer seg fleire bilete av pepperkakehus, og gjerne med ei pittelita historie frå baking og bygging. Gode lesarar, send oss bilete!
Og kva gjer ein med huset etter høgtida? Har nokon tradisjon for å invitera til Pepperkakehusknusefest?