ORGANISASJONAR og INNBYGGJARAR PÅ HUGLO
Huglo bygdalag, Huglo båtlag, Huglo ungdomslag, Huglabutikken, Huglo bondelag, Huglo bedehus, Bygdekvinnelaget, Huglo idrettslag
INVITASJON TIL SAMRÅD
Programnemnda i Stord Arbeidarparti har starta arbeidet med å laga program for kommunevalet 2019.
Før me skriv og vedtar programmet, vil me høyra kva som er viktig for innbyggjarane; som einskildpersonar, som medlem i organisasjonar, som arbeidstakar, som næringsdrivande, som foreldre osv.
Difor inviterer me no i juni til eit samråd med organisasjonar og innbyggjarar på Huglo. (Me hadde eit tilsvarande møte i 2014. Til hausten vil me ha tre slike møte på Stord.)
Møtet vert på skulen, torsdag 14. juni kl. 17.45 – 19.00.
Skriftleg invitasjon vert sendt til 8 ulike lag/organisasjonar, men møtet er ope for alle – og alle er velkomne.
Det er viktig for oss i programnemnda å høyra kva folk og organisasjonaar meiner er viktig før me skriv og vedtar programmet, og før me kjem tilbake i 2019 og seier: Stem på oss!
Me ber difor om at de førebur eit kort og poengtert innlegg om kva som er viktig sett frå dykkar perspektiv (ca 5 minuttar).
Programnemnda si oppgåve er å lytta og notera. Sidan skal me skriva eit framlegg til program. Eit medlemsmøte i Stord Arbeidarparti skal vedta programmet i november 2018.
Men hugs at innspela som de gir, er verdfulle både før og etter valet i 2019, og same korleis valutfalet blir.
Med venleg helsing
Nils Tore Gram Økland
Leiar for programnemnda