Det var stor tilstrøyming av songglade folk til kaien på Nordhuglo på laurdag. Dette var noko folk satte pris på – stor takk til Wenche på Huglabutikken som var initiativtakar og arrangør.
Og været spelte med på laget, betre kunne det ikkje vera. Musikantane frå Uskedalen, Kristian Bringedal, Reidar Myklebust og Hans Gustav Musland, stilte med songhefter så alle kunne syngja med, og repertoiret var velkjent og kjært. Dette bør verta eit årleg innslag på sumarhuglo!
Og så var det kaffi og kaker – inga tilstelning på Huglo utan mat!