Post 8

Post 8 : her er den!
Post 8 : her er den!

Her er post 8 – betekna som “Skar”.  “Sprekk” er eit anna namn, som høver like godt.  Posten ligg akkurat der den ligg på kartet, og startar du frå 1913, opplever du stor meistringsglede når du får auga på han.  Då har du forsert 101 brakjebuskar og store vindfall som du må gå rundt, eller klatra over eller krypa under.  Når du skriv på lista i glaset, synest du at du har fortent kvart einaste av de 7 poenga.  Og så ser du på kartet og finn ut at du kan gå rett mot Grovå utan store hindringar på heimvegen.  Det går jo sjølvsagt å starta ved Grovå òg, og få ein lett og nesten kjedeleg tur – men kor vert det då av meistringsgleda?