Total inntekt av ryddesalet vart ca. kr. 26.500,- inkl. sal av mat.
Det var stor interesse og særs godt frammøte då driftsstyret for skulebygningen arrangerte ryddesalg med kafè. Her var bøker, spel, diverse plansjar og møbel lagt ut for sal. Det fyrste som fekk kjøpar, var globusen. Dei gamle plansjane var òg populære, men snikkarbenkene på lemen var ikkje til sals, til stort vonbrot for nokon.
Det vart fort trangt om plassen i begge dei gamle skulesalane, og i kafeen var salet svært godt. Interessa etter å finne gamle skattar var stor hos dei frammøtte.
Dei gamle karta vart det auksjon på, og også her var kjøparvilja god. Verdenskartet gjekk for 1200 kr.
Alt i alt vart det eit overraskande godt oppmøte og sal. Inntektene kjem godt med til vidare arbeid og drift av skulebygningen.