Bronsealdergravrøysa på Hommandeneset på Nordhuglo skal ryddast. Dette er ei av dei eldste gravrøysene i Hordaland. I 1882 vart det funne ein bronsedolk i gravkammeret i røysa. Dette er eit av totalt to brosealderfunn i heile Stord kommune og langt det eldste.
Fylkeskommunen er særs positiv til tiltaket.
Gjennom LivOglyst er det søkt om midlar til arbeidet, og det er løyvd inntil kr. 45.000.
Det som skal gjerast, er å laga ein god sti ut til røysa, rydde sjølve røysa og siktsona mot sjøen og det skal setjast opp informasjonstavle og skilt som viser veg.
Løyvingane fordel seg slik: Rydding rundt gravrøysa kr. 18.000, etablering av sti: kr. 22.000, infotavle: kr. 5.000. Det blir bede inn til dugnad så snart det vårast. Vi gler oss, og håpar å ha arbeidet gjort, og å markera det med eit arrangement til hausetn, i aug/sept 2011.
Komiteen som har ansvaret for arbeidet så langt: Samson Huglen, Kevin Casey og Eline Bruntveit
Tekst: Eline Bruntveit