Sjølv om det er store katastrofer rundt omkring i verda, er ikkje Vyborg glømt. På basaren forrige lørdag kom det inn ca. kr. 60.557,-. Totalt for året har Vyborghjelpa fått inn ca. kr. 170.577,-, mykje takket vera eldsjelar som sel lodd på kjøpesenter og utafor butikkar og steiker og sel lørdagsvaflar der folk ferdest. I november håpar Vyborghjelpa å få avgårde 3 bussar med folk som betaler billetten sin sjølv, og kvar person får lov til å ha med seg 50 kg av klær og matvarer. Matvarene er for det aller meste gåver og tel ikkje med i det beløpet som er samla inn.
Del dette innlegget