Øyperler i Kulturhuset

Liv Kari Eskeland_edited-3Det vart ein fin kveld i Kulturhuset då historia om prosjektet Øyliv blei presentert.  Espevær, Fjellberg, Huglo og Møkster har delteke i prosjektet.

Ca. 25 huglarar fekk høyra ordførar Liv Kari Eskeland ynskje velkomen.  Ho sa mellom anna at øyane representerte variasjon og fargerikdom i sine kommunar.  Utan øyane ville kommunana vore meire “grå”.  Tidlegare statsråd Liv Signe Navarsete meinte at forandring og framgang krevde eldsjelarLiv Signe Navarsete som såg framover, og at eldsjelane trengte folk med dugnadsånd for at forandring kunne skje.  Ho hadde som minister våre oppteken av å halda fram med desentralisering og å oppretthalda busetting i utkantstrok – ho var nok ein som hadde bidrege til at LivogLyst og Bulyst hadde fått statlege midlar i si tid.  Øyliv har òg mottatt stønad frå Fylkeskommunen.

BrazzoookaJazzbandet Brazzooka fekk opp stemninga med gladjazz, og Sølvi Marie Berge og lokale musikare underhaldt.  Men høgdepunktet var nok for mange Merethe Offerdal Tveit sin film “Øyliv i Sunnhordland”.  Filmen vil verta lagt ut på YouTube og distribuert på sosiale media.

I pausen vart det servert nydeleg Mat frå Espeværrøykelaks frå Espevær.  Siste halvdel av kvelden samtalde Tore Strømøy med trubaduren  Reidar Brendeland og me fekk høyra tankevekkande “Sanger fra et liv”.

For huglarane endte kvelden med en spøkefull diskusjon med billettøren på ferja.  Måtte me rygga av på Huglo, eller skulle me fortsetja festen om bord og nekta å forlate ferja før ho snudde?  Det endte med at dei fleiste snudde bilen på ferjedekket og alle kom seg vel heim.