Ryddeaksjonen på Huglo vert i år laurdag 26.april frå kl. 9.30 til 12.00. Som vanleg vert det konteinarar på ferjekaien på Nordhuglo, der ein kan levera alt som ikkje får plass i bosdunken. Det vert eigen konteinar for elektronisk avfall, og for kuldemøblar og farleg avfall. Det vert hjelpemannskap på staden, men du må rekna med at du sjølv få avfallet i konteinaren. All røynsle seier at det er mange som vil levera mykje, så alle må stua godt så alle får plass.
Tilbudet om opprydding gjeld berre privatpersonar, og det er ikkje høve til å levera bygge- og rivingsavfall.