Som vanleg arrangert av Bygdekvinnelaget – samfunnets støtter. Mange frammøtte fekk høyra Lilli Ann Drønen lesa eigne opplevingar frå boka “Så stal me ein båt”, og Per Drønen fortalde sanne? historiar, skrøner, og imponerte stort med å dramatisk deklamera Jakob Sande. Både interessant og morosamt, frå begge to. Og både før og etterpå fekk alle dei (som vanleg!) varierte og gode kakene bein å gå på, medan drøsen gjekk livleg. Måtte det ikkje verta for lenge til neste sundagskafé!
![Boka](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2013/03/Boka-1854x927.jpg)
Del dette innlegget