Søndagskafé 7. mars

Søndagskafe
Søndagskafe

Kor i verda kan du oppleva at 50% av innbyggarane i ei bygd møter fram til kafé på ein sundags ettermiddag? På Huglo, så klart! Men så har Huglo ein Trivselskomite som ikkje berre skipa til ein koseleg ettermiddag med nydelege kaker og kaffe, men dei fekk naturfotograf Jan Rabben til å koma og dela mange av dei vakre fotografia sine med oss. Først og framst ei estetisk nyting, og med på kjøpet fekk med ekspertråd i foto-faget. Mykje krev nok anna reiskap og anna tid og tolmod enn kva som er oss amatørar forundt, men det er lov å drøyma! Sjølv blei eg inspirert til å ynskja gå ut og sjå alle desse naturperlene med eigne auge.

Takk til trivselskomiteen og takk til Jan Rabben!

Søndagskafe