Søndagskafé på Huglo

Bygdekvinnelaget var svært nøgd med kafégjestane

Søndag 18. Oktober var det kafé i ungdomshuset. Ca 60 personar tok turen både fastbuande og tilreisande. Bygdekvinnelaget tok initiativet til å arrangere kafé denne søndagen, men sendar no stafettpinnen vidare til neste lag eller privatpersonar. Forslaget om kafé, kom opp som forslag på eit Liv og Lyst møte, og bygdekvinnene syntest dette var ein særs god idé. Det var mykje gode kaker, og stemninga var god, både store og små hadde ein hyggeleg ettermiddag. Bygdekvinnelags leiar Åse Willgohs var svært fornøgd med den trivlige ettermiddagen på kafé. Ho fortel at overskuddet går til innsamlingsaksjonen ”Care”.

Fem på kafé:

Me snakka litt meir med nokon av dei som var på kafé, og stilde dei desse spørsmåla:
I) Kor mange kaker har du ete ?
II) Kva gjorde du på før du kom  på kafé?
III) Er du mett?

Håvard Huglen:
1: 2, trur eg
2: Eg har gått med innsamlingsbøsse.
3: Ja, no e eg mett


Jon Olai Bruntveit
1: må eg skilja i kaka og lappa? Ja, då har eg ete ei kaka og to lappar.
2: Eg såg ein hestefilm på TV
3: Ja!


Jakob Svendsen
1: jeg vet ikke helt..
2: jeg fanga en mink sammen med Erik
3: Ja


Gjertrud Eikeland
1: Eg har ete tre kaker
2: Før eg gjekk på Kafé, so løyste eg kryssord
3: Ja det er eg, god og mett!


Åse Willgohs
1: Ingen, men æ ha laga ei
2: æ vaska opp en stor oppvask. Å så har æ gjort klart til Kafeen.
3: Ja, æ åt mye før æ kom, men æ e tørst.

Ungdommane kosar seg med kake.