Like etter klokka to i natt var Janne Eikeland oppteken i fjosen. Det som i utgangspunktet såg ut til å være ei vanleg lembing, skulle etter kvart visa seg å væra noko heilt utanom det vanlege. Lammet sat fast, så Janne gjekk inn og konsulterte med ein sovnig Albert. Han sto raskt opp, og vart med ut i floren for å skjekka forholda. Dei fann snart ut at det ikkje var anna råd enn å ringje dyrlegen. “Eg grudde meg for å ringje slik midt på natta, men sidan det gjalt bestesauen vår, Valborg, tok eg sjangsen.” Viare ringde dei til Lars Haukanes. Det vart son hans, Espen Haukanes som for med båt over fjorden og henta dyrlege Johannes Slettebø. Vel framme utførte han keisarsnitt på Valborg, og dei tre vart mildt sagt sjokkerte over det dei då fekk sjå. To lam som hong saman i sida kom til syne. Det eine hadde problemer med å puste, men utruleg nok var begge to i live. “Dette har eg aldri sett før”, seier Slettebø på telefon til huglo.no. “Det er særs skjeldan at slike lam overlever.” For at det ikkje skal verte for mykje for mor og born, har Albert sett besøkstid frå kl 2 til 3 i dag.
Del dette innlegget
Fin historie! Måtte sjekke litt med kalenderen…
Fint bilde, Hilde! Flott side!