Laurdag 27 mars var det igjen duka for basar i bedehuset. Sjølv om dei spreke damene frå sjømannsmisjonen har lagt inn årane etter mange år ved roret. Bedehuset har med iver tatt over staffetpinnen, dette lovar bra.
Etter kvart som klokka nerma seg start, minka det på ledige plassar. Folk strøymde til klare til å innkassere gevinstar. Gevinstar var det blomar, kaffi og sjokolade, heimaspøta lubber, påskeegg med innhald, heile tre åretrekingar. Alle følgde spent med på årane sine, gevinst er gevinst! Bedehuset diska opp med bollar i alle variantar, kaffi, og saft til borna. Praten gjekk livleg og stemninga var på topp! Då kvelden nerma seg slutten var det dei gjevaste gevinstane att, krona med proviantkassen. Etterpå kunne folk traske heim, med meir eller mindre å bere på. Alle var me mette og einige om at dette var ein vellukka kveld :)