No står det 4 syklar for vaksne ulåste og i open sykkelbu på ferjekaia på Nordhuglo! Båtfolk, turfolk, hyttefolk og sjølvsagt fastbuande kan låna sykkel for eit døgn om gangen og ta seg ein tur rundt på den fine øyo vår. I sykkelbua er det og hjelmar, ei sykkelpumpe og ein umbrakonykkel i fall du treng å regulera setehøgda. Alle syklane har lås, nøklane heng på veggen Du skriv deg inn i boka som heng på veggen, tida når du tar sykkelen, og tida du set han tilbake. Husk å leggja frå deg nøkkelen, gjerne i postkassa på utsida av sykkelbua. Her kan du og leggja beskjed dersom noko er gale med sykkelen eller sykkelhjelmen, evt anna du vil sei ifrå om. Ha en strålande sykkeltur!