Sjølv i ausande regn skapte desse to karane frå Ustedal god stemning laurdag føremiddag, foran Huglabutikken. Smart å ha med songhefte og dela ut, då kunne folk syngja med og det gjorde dei. Særleg songen om Fanaråken, den skulle folk kunne så godt når allsongstunda var over, at dei gjekk nynnande heim.
4 huglarar/hyttefolk vart lova 3 år lenger liv av di dei var med og holdt takten – den som lever, får sjå. Tusen takk til musikantane, frå publikum vart dei oppfordra til å lova gjensyn og song neste år.