Som dei fleiste veit, har skulebygget på Huglo fått heilårsferie dette skuleåret. 5 elevar var klåre for huglaskule då sumarferien var halvgått, og sjølv om ein liten skule har mange føremon, vog fordelane med eit større miljø for både born og vaksne tyngre. Dette har vore diskusjonstema i mange år, og tidlegare har skulevegen blitt sett på som ein bøyg. No vart det funne ei løysing på akkurat det punktet som alle kjenner seg trygge med – ein mykje betre løysing enni mange andre grisgrente stader i landet, der ungane går langs trafikkerte hovudvegar i vintermyrkre, kanskje med brøytekantar og utan brukbart fortau. Kvar morgon kjem skuleborna med rutebussen på Huglo til 7.15-ferja. Dei vert sitjande i bussen til ferja har lagt til kai og maxitaxien frå Stord har kjøyrt i land og står ved sida av bussen. Ungane går frå buss til taxi, taxien kjøyrer ombord og ungane sit i taxien til den stoppar ved Rommetveit skule. Dette er regelen tur og retur. Ein annan sak er at nokon gong er ein elev-pappa kaptein på ferja og dei ungane som vil, får koma opp på brua og sjå seg om, så vert dei følgde ned att til taxien. Stor stas, sjølvsagt.
Alle ungane med røynsle frå begge skulane seier dei er vel nøgde med den nye situasjonen.
Knut Elias seier at det var bra på Huglo at dei var få, men han har fått nye vener og det er greit i stor klasse og. At skulevegen tar lengre tid, er det ingen som klagar på.
Gymsalen, som og er samfunnshus, og kjøkken og møterom, vil framleis vera i full bruk.